Handlingar

Guide for oppkopling til forskingsserver for Windows

Frå HVL - IT

OBS! Denne artikkelen er tilgjengelig for offentligheten!

Tilkopling til forskingsserveren ved HVL – Windows 10

For å få tilgang til forskingsserveren kan ein nytte nettlesaren, eller ein kan konfigurera "RemoteApp og skrivebord" på maskina. Det er viktig at maskina er tilkopla kabla nett på eit kontor på høgskulen, eller tilkopla via VPN. Ein må gjera konfigurasjonen for kvar maskin ein skal nytte for å kopla seg til løysinga. Eventuelt ein kan logge seg på nettstaden https://forskingsserver.hvl.no/RDWeb/webclient


1. Trykk på startmenyen og skriv inn "remote", velg så "Få tilgang til RemoteApp og skrivebord"


Filserver windows 1.png


2. Velg så "Få tilgang til RemoteApp og skrivebord" på ventre sida i vindauga

Filserver windows 2.png


3. Legg så inn URL https://forskingsserver.hvl.no/RDWeb/Feed/webfeed.aspx og trykk "Neste"


Filserver windows 3.png


4. Trykk "Neste" på det neste vindauga.


Filserver windows 4.png


5. Legg inn brukarnavn@hvl.no og passord, og velg "Husk meg" og "OK"


Filserver windows 5.png


6. Dette kan ta litt tid. Når den er ferdig konfigurert, så vil ein få opp følgande bilete. Antall "Tilgjengelige skrivebord" er avhengig av kva ressursar ein har behov for, og dei fleste vil ha ei maskin tilgjengeleg.

Filserver windows 6.png


7. I vindauga "Tilkoblinger til RemoteApp og skrivebord" vil ein no sjå at "FOU – Høgskulen på Vestlandet" er lagt til. Dersom ein velg "Egenskaper", så kan ein velge "Oppdater nå". Dette vil oppdatera tilkoplinga, slik at alle nye ressursar blir synlege.


Filserver windows 7.png


8. Om ein i vindauga over velg "Vis ressurser", så vår ein opp ei mappe med dei ressursane ein har tilgjengeleg. Her kan ein laga snarveg til skrivebordet slik at ein enklare finn tilkoplinga.


Filserver windows 8.png


9. Om ein ikkje ynskjer å legge det på skrivebordet, så har ein moglegheit til å søkja etter "FORSKINGSSERVER" på startmenyen. Ein vil då få opp dei same tilgjengelege ressursane. Ein koplar seg til løysinga ved trykkje på tilkoplinga.


Filserver windows 9.png


Bruk av forskingsserveren

1. Finn tilkoplinga på startmenyen eller på skrivebordet ditt, alt etter kva du har valgt. 2. Når ein har kopla seg til, så vil ein automatisk bli logga på med brukarnavn/passord ein la til under konfigurasjonen. Ein vil få opp følgande vindauga fyste gongen

Filserver windows 10.png

Ein kan huke av for "Ikke spør meg igjen om eksterne tilkoplinger fra denne utgiveren", men dette er valfritt.


3. Maskina koplar seg no til. Maskinene i løysinga kan vera i "saved-state", noko som gjere at dei må starte. Dette er for å spare ressursar på serverane våre. Maskina du nyttar vil automatisk gå i "saved-state" 24 timar etter du koplar deg ifrå.


Filserver windows 11.png


4. Ein vil så bli spurd etter "Passcode". Dette er sms-koden ein har fått på sms. Når ein nyttar koden så vil ein få ein ny kode, som ein skal nytte neste gong.


Filserver windows 12.png


5. Ein har no kopla seg til forskingsserveren ved Høgskulen på Vestlandet. På skrivebordet ligg det fleire brukarveileiingar for løysinga.